Julebord
Julebord på Sunnfjord Spa
Gje teamet ditt ei julebordoppleving som kombinerer smakfull mat, luksus og velvære. Slapp av, senk skuldrane og nyt samhald i eksklusive omgjevnader.
Når de bookar julebord hos oss får de:
- Tilgang til VIP-rommet. Der er det plass til 25 personar, og de har det heilt for dykk sjølv heile julebordet.
- Full tilgang til alle basseng og boblebad, både ute og inne.
- Luksuriøse behandlingar om de ønsker det.
- Eit garantert avslappa og hyggeleg julebord.
Litt ekstra luksus
Vil de unne dykk litt ekstra? Book behandlingar hos oss før julebordet. Dette er svært populært, så vi anbefaler å vere tidleg ute med bestillinga.
Mat og drikke
- Bestill mat frå hotellet vårt eller frå andre lokale leverandørar (bestill separat). De kan velje om de vil ete i VIP-rommet eller om de vil på restaurantbesøk etterpå.
- Drikke til VIP-rommet må bestillast via oss grunna skjenkeløyve.
- Det er ikkje lov å ta med drikke.
NB: maten må du bestille separat, uansett om du vil ha frå kjøkkenet på hotellet eller ein annan leverandør. Vi vil anbefale deg å vere ute i god tid.
Alle som bookar julebord hos oss får bedriftsavtale med på kjøpet.
prisliste
Pris for både julebord og bedriftsavtale:
- Lita bedrift (1–10 tilsette): 8000 kr / år
- Mellomstor bedrift (11–30 tilsette): 20 000 kr / år
- Stor bedrift (30+ tilsette): 30 000 kr / år
Julebord hos oss er tilgjengeleg måndag til laurdag, kl. 17–20. Dersom dette tidspunktet ikkje passar, ta kontakt så tilpassar vi opplegget til dykk og dykkar bedrift.
Kontakt oss for tilbud og reservasjon
Sunnfjord Spa
Storehagen 2,
6800 Førde

